Brannvesen og politi rykte onsdag morgon ut til ein bilbrann i Bremanger.

Politiet fekk melding klokka 08.00 om hendinga og rykte raskt ut til staden.

Brannen hadde starta i ein betongbil på fylkesveg 614, 8 kilometer aust for Langevatn.

Det er ikkje meldt om personskade.

Vegen er førebels stengd, og bilbergar er på veg.