I fleire kommunar i vårt distrikt, mellom anna Selje, Vågsøy og Bremanger, stilte lærarane opp på stand for å markere skulestreiken som no pågår.

På landsbasis er no 5.500 lærarar i streik, og den kan bli trappa opp frå torsdag med nye 2.200 lærarar. I Sogn og Fjordane er det streik ved tre skular frå Førde.

Utdanningsforbundet Selje stilte med rundt 20 av sine vel 40 lærarmedlemmer på informasjons- og markeringsstand på Coop i Selje tysdag ettermiddag.

- Markeringa tysdag var ein del av det å minne om kva streikegrunnlaget er:  Meir tid til kvar elev, fleksibel arbeidstid tilpassa elevane sitt behov for oppfølging og god undervisning samt mindre detaljstyring av skulekvardagen slik at lærarane kan gjere det dei og foreldra veit er best for elevane, seier Ole Bosnes i Utdanningsforbundet i Selje.

Bosnes fortel at dei føler deit blei møtt med forståring av folk som kom bort.

- Stemninga var god. Dei som var innom standen tok imot informasjonen, og mange ga direkte uttrykk for at dei forsto og støtta lærarane på det streikegrunnlaget dei har, seier Bosnes.

Ingen i Selje er førebels tekne ut til å streike, men heile Utdanningsforbundet er i streik.

I Vågsøy seier lokallagsleiar Johan Wåge følgjande om markeringa:

- Vi informerte om konflikta og serverte kaffi og kaker, og håpar på ei snarleg løysing.

Også i Bremanger var det oppmøte ved Coop i Svelgen, der dei som følte for enten å diskutere saka eller få vite meir om streiken, kunne få snakke med lærarane.