Terje Våge (58) frå Vågsvåg klarte raskt å redde seg ut av den brennande betongbilen onsdag føremiddag.

Det var i 08.00-tida at Våge kom køyrande på vegen opp Langevatn på fylkesveg 614 i Bremanger då han såg røyken kome sivande ut under hytta.

Allereie før han fekk stoppe betongbilen stod flammane ut hytta.

- Bilen var overtent på få sekund, fortel Våge, som kasta seg ut av den brennande bilen.

Han melde sjølv frå om brannen, og både politi og brannvesen rykte raskt ut til staden.

Våge jobbar som yrkessjåfør i Nordfjord betong og var på veg frå Nordfjordeid til Svelgen med åtte kubikk sement då det starta å brenne.

Han har ingen god forklaring på kva som var årsaka til at betongbilen starta å brenne, og er glad han kom i frå det utan skade.