Politiet i Sogn og Fjordane har tysdag og onsdag sjekka trafikken rundt fleire skular her i fylket.

Dette som ein del av aksjon trygg skuleveg.

Kontrollen synte at ikkje alle bilførarar bryr seg like mykje om tryggleiken.

Dette er statusen frå kontrollen dei to dagane.

Tysdag:

Aurland: 43 kontrollerte. Ingen reaksjonar

Årdal: 43 kontrollerte. Ingen reaksjonar

Øvre Årdal: 17 kontrollerte. Ingen reaksjonar

Hafslo: 20 kontrollerte. 1 gebyr for ikkje å ha med førarkort.

Askvoll: 34 kontrollerte. 6 munnlege for feil ved lys.

Selje: 1 beltegebyr

Vanylven: 5 kontrollerte. Ingen reaksjonar.

Førde: 13 kontrollerte. Ingen reaksjonar

Stryn: 72 kontrollerte. 2 forenkla førelegg for bruk av mobil

Eid: 80 kontrollerte. Ingen reaksjonar

Hyllestad. 9 biler og 1 buss. Ingen reaksjonar

Gaular: 15 kontrollerte. Ingen reaksjonar

Onsdag:

Bremanger: Kalvåg skule:20 kontrollerte. Ingen reaksjonar

Askvoll. Holmedal skule:30 kontrollerte. 1 beltegebyr

Aurland. Aurland skule:26 kontrollerte. Ingen reaksjonar

Vågsøy. Skram skule:43 kontrollerte. Ingen reaksjonar

Årdalstangen og Øvre Årdal: 40 kontrollerte. Ingen reaksjonar

Gaular. Bygstad skule: 30 kontrollerte. Skulebussane vart kontrollert. Ingen reaksjonar.

Stryn: Fartskontroll – 30 km/t sone i Setrevegen. 3 forenkla førelegg høgste hastighet 46 km/t.

Fjaler: Våge skule. 37 kontrollerte. 1 beltegebyr.

Gloppen: Nordstranda skule. 9 forenkla førelegg for fart i 50 km/t. Høgste hastighet 70 km/t. 1 beltegebyr.