Torsdag avslutta Vågsøy Brann- og Redningsvesen aksjonen rundt Bring-terminalen i Måløy, der det har runne ut store mengder fyringsolje i hamnebassenget.

Det var tysdag morgon at lekkasjen vart oppdaga. Den stamma frå ein tank som var greven ned ved Vågsøy ungdomsskule i Måløy. I denne tanken var det 10.000 liter olje.

Skulen ligg mellom Gate 4 og Gate 5 i Måløy, og oljen har truleg runne i grunnen langs Gottebergselva.

- Vi reknar med at det har runne ut mellom 1.500 og 2.000 liter fyringsolje. Mykje av dette har vi fanga opp med oljelenser som vart lagt ut rundt kaia tysdag, seier brannsjef i Vågsøy Kim Hjelle.

Han seier dei har teke opp utstyret, og avslutta sin del av jobben . Hjelle kunne ikkje sjå bort ifrå at det ikkje kunne sive ut meir olje, men meiner at dette ikkje kan vere store mengder.

I tanken på Ungdomsskulen var det 10.000 liter etter at den vart fyllt måndag kveld. Hjelle seier at kommunen har tappa ut 7.000 liter av denne tanken.

kaia ved Bring-terminalen i Måløy har vore stengd sidan utsleppet vart oppdaga. Den vart ifølgje Hjelle opna torsdag ettermiddag.