Utrykkingspolitiet hadde ny kontroll av skulevegar tysdag ettermiddag som eit ledd i aksjon skuleveg.

Også i dag var det fleire som politiet vinka inn.

På Rv 15 i Deknepollen vart det skreve ut to forenkla førelegg i 60-sona.

Høgste fart var 70 kilometer i timen.

I Måløy fekk ein bilførar bot for å snakke i handhaldt mobiltelefon.

Ein fekk bot for ikkje å bruke bilbelte.

I Stryn fekk ein ein bilførr fekk forenkla førelegg og to prikkar i førarkortet for å køyre med usikra barn i bilen.