I samband med Aksjon skuleveg, så hadde politiet trafikkontroll på Fv 614 ved Svelgen Barne og Ungdomsskule onsdag morgon.

Under kontrollen så oppdaga politiet ein bilførar som let vere å stanse for å sleppe over fotgjengarar i gangfeltet.

Politiet kasta seg i bilen, og køyrde etter denne bilen.

Dei nådde han igjen og då enda det med forenkla førelegg og tre prikkar.

Det vart kontrollert 10 bilar. Ein av desse braut fartsgrensa og vart målt til 56 kilometer i timen i 50-sonen.

Ein fekk bot for å køyre med slitte dekk, og altså han som ikkje stansa og overheldt vikeplikta i fotgjengarfelt.

I samanheng med kontrollen forsvann det eit par med motorsykkelhanskar som tilhøyrde politiet sin motorsykkelpatrulje.

Hanskane låg igjen på kontrollstaden i samanheng med at patruljen køyrde etter ein bil, opplyser Sogn og Fjordane Politidistrikt.

Dei var vekke då politipatruljen kom attende. Politiet ber om at dei som tok med seg hanskane leverer dei til nærmaste lensmannskontor.