Laurdag står det unge musikktalentet, 12 år gamle Aksel Hauge Vedvik frå Bremanger, på scena i enorme Oslo Spektrum som ein av finalistane i Melodi Grand Prix-junior (MGPjr ) som blir sendt direkte på NRK.

Trass det enorme publikummet og den store scena, er ikkje Aksel Hauge Vedvik nervøs. Ikkje i det heile tatt, faktisk.

– Nei, eg er ikkje nervøs, og eg har ikkje sceneskrekk heller, fortel 12-åringen.

Her kan du sjå video av Aksel og dei andre finalistane sine låtar.

No har han riktig nok sceneerfaring frå før av, men dette blir den største scena hittil.

– Eg trur heller at det blir kjempespennande og veldig kjekt, slår han fast.

Denne veka er 12-åringen i Oslo – og storkosar seg.

No skal det øvast før den store dagen, og på laurdag skal han både syngje og danse.

– Eg skal ha med dansarar når eg framfører låten «Ingenting å tape», seier han, og legg til:

– Eg trur kanskje det blir vanskeleg å halde mikrofonen medan eg dansar, men det skal nok gå fint. Eg skal øve på det til laurdag.

– Kva gjer du før du går på scena?

– Eg brukar bare å varme opp stemma mi først, fortel han.

No håpar Aksel at konkurransen kan vere startskotet for den komande artistkarrieren.

Så glad vart Aksel då han fekk vite at han skulle vere med i Melodi Grand Prix.

– Eg håpar på å få lage meir musikk etter MGPjr-konkurransen. Det er det eg håpar mest på. Så lenge eg får gjere noko meir ut av det, så tenker eg at det skal gå bra med konkurransen, fortel Aksel.