Ons­dag set­te ord­fø­rar Karl Vi­dar Før­de (Sp) spa­den i jor­da, og la med det ned grunn­stei­nen for den størs­te in­ves­te­rin­ga i Bre­man­ger no­ko­sin­ne.

Vå­ren 2016 skal nye Svel­gen om­sorgs­sen­ter vere inn­flyt­tings­klart for be­bu­a­rar.

– Kont­rak­ten med to­tal­ent­rep­re­nør Åsen & Øv­re­lid AS blei sig­nert i ja­nu­ar i år. Vi had­de til­rig­ging i mars og byg­ge­start i april. Så dei fekk hal­de på i tre må­na­der før fe­ri­en. No er vi inne i første drifts­ve­ke et­ter fe­ri­en, sei­er pro­sjekt­lei­ar bygg Frank Hu­se­våg i Bre­man­ger kom­mu­ne.

Hei­le kom­mu­ne­sty­ret, samt plan- og byg­ge­nemn­da var med på grunnsteinsnedlegginga.

Re­vi­dert bud­sjett for byg­ge­pro­sjek­tet ved an­bods­op­ning er på 172,6 mil­li­o­nar.

Svel­gen om­sorgs­sen­ter skal ta over alle funk­sjo­nar frå Svel­gen bu- og ser­vi­ce­sen­ter sam­stun­des som ein au­kar opp be­bu­ar­til­bo­det med tan­ka på fram­ti­da.

Byg­get er på over 5.000 kvad­rat­me­ter bruks­are­al. Sen­te­ret får 47 bu­ei­nin­gar mot da­gens 39. Av des­se er 38 ins­ti­tu­sjons­plas­sar og to kort­tids­plas­sar medan sju ei­nin­gar er om­sorgs­bu­sta­der.

Les meir i papirutgåva fredag 29. august.