Fiskeridirektoratet er i desse dagar på tokt langs norskekysten for å jakte på fiskebruk og garn som fiskarar har msita og som ligg på havbotnen.

På fem døgn har dei funne 350 garn.

I Sogn og Fjordane hadde berre éin fiskar meldt inn tap. Og frå fiskarlaget i fylket var det ifølgje Fiskeridirektoratet null respons. Men så fekk dei kontakt med lokalkjende som kunne fortelje noko anna, skriv Sunnmørsposten.

– Nokre telefonar i forkant av toktstarten og kontakt med ein lokal fiskar som teikna og fortalde over ein kaffikopp ein tidleg morgon vart forløysande for resultatet, seier seniorrådgjevarr Gjermund Langedal ved Fiskeridirektoratet sin utviklingsseksjon til smp.no.

I 40 døgn skal MS Fiskebank jakte på meir tapt fiskebruk langs kysten.