- Det er for mange bilførarar som slurvar med bilbelte. Et er ikkje bra, seier Bjarte Åsen i Utrykkingspolitiet til Fjordenes Tidende.

Tysdag kveld hadde dei endå ein trafikkontroll i Nordfjord. Denne gongen i 50-sonen på Rv 15 i Måløy.

Der vart ni bilførarar som ikkje brukte bilbelte stansa, og fekk seg bøter.

To bilførarar fekk bøter for å snakke ulovleg i mobiltelefon.