Då Hans Breivold (74) ringte 113 natt til måndag med symptom på hjerteinfarkt, kom sjukebilen aldri fram. Den hadde blitt stoppa av dårleg bremangerasfalt.

Hans Breivold har hatt eit kraftig hjerteinfarkt tidlegare, så då smertene i venstrearmen tiltok natt til måndag var det ikkje noko å lure på. Kona Liv ringde naudnummeret 113 i fire-tida.

Kom i drosje

Hos AMK i Førde fekk dei beskjed om at ambulansen var stasjonert i Svelgen, og at det skulle ikkje ta mange minutta ut til Roland, sør for Svelgen, der Breivold bur.

Nærare ein time seinare kom endeleg ambulansepersonellet – i drosje.

– Det var lange minuttar å vente. Ein er både redd og alvorleg sjuk, og får beskjed om at ambulansen skal kome om nokre minutt. Då vert ikkje stoda betre når ein må vente nærmare ein time før hjelpa kjem, seier Hans Breivold og kona Liv Roland.

Hadde punktert

Vel ein kilometer frå Svelgen sentrum hadde det blitt full stopp for ambulansen. I ein sving var delar av asfalt og vegkant borte. Ambulansen dumpa ut i og punkterte.

– For oss var det skremmande lange minutt å vente, fortel Breivold, og legg til:

– For nokre år sidan hadde eg eit kraftig hjarteinfarkt, så eg veit korleis det er. Takka vere rask hjelp gjekk det bra då.No kjende han dei same symptoma igjen.

– Vi var sjølvsagt redde. Og det måtte vere fortvilande for ambulansefolka også, som veit at minutta tel i slike situasjonar.

Då ambulansepersonellet endeleg nådde Breivold, hadde dei med seg EKG–utstyr og kunne i samråd med lege konstatere at det ikkje var hjarteinfarkt denne gongen.

– Det var ein kraftig betennelse i venstre armen og ikkje noko livstruande. Så det gjekk bra, seier Breivold og kona Liv.

Dei skulle likevel gjerne ha vore forutan den skremmande lange timen dei venta på ambulansen.

– Det er ikkje fyrste gongen noko skjer i den svingen. Vedlikehaldet på vegane her i Bremanger er mange stader så elendeg at nokon er nøydde seie ifrå, meiner han.

Les kva Helse Førde svarar i papiravisa onsdag 17. september.