Onsdag ettermiddag vart politiet tilkalla etter at ein mann i 20-åra ikkje klarte å styre seg, og gjorde skadeverk på eit offentleg kontor på Fiskå i Vanylven kommune.

Politiet reiste til staden men då dei kom fram var mannen borte.

Saka vert følgd opp av Vanylven lensmannskontor.