Selje-ordførar Ottar Nygård meiner ein har vore heldig som ikkje har hatt alvorlege ulykker ved vrakrestane av lasteskipet Emsland som ligg på grunt vatn ved Erviksanden.

– Men det er ingen indikator på at det ikkje kjem til skje ei ulykke. Med auka aktivitet i framtida, vil det vere uforsvarleg å la det ligge, seier Nygård.

Kven som har ansvar for vraket, er ikkje heilt klart. Snart skal Selje kommune, Fylkesmannen og Nordfjord Havn møtast for å diskutere kva ein gjer.

– Om det blir sikring eller fjerning av vraket er vanskeleg å seie no. Det handlar om finansiering, kven som eig problemet. Kommunen har ikkje finansielle musklar til å gjere noko med det, men det er vår jobb å åtvare om at det ikkje er bra nok i forhold til sikkerheit, seier Nygård.

Les heile saka i Fjordenes Tidende si papirutgåve.