Berre 1.400 billettar er selde til Søner av sola, og operasjef Kari Standal Pavelich håpar fleire no kjøper billettar til haustens store «happening».

– Vi har berre ei operaoppsetjing i løpet av året. Den bør folk sette av tid til å sjå. Det er veldig viktig at folk no støtter opp om det arbeidet som er lagt ned. Vi snakkar om 13.000 dugnadstimar lokalt. I tillegg kjem alle timane dei profesjonelle skodespelarane, orkesteret på 35 mann som er her og øver, legg ned. Det er enormt med ressursar i dette klassiske operastykket, seier ei oppglødd Kari Standal Pavelich.

For å gå i pluss med framsyninga må dei selje billettar for 1,7 millionar kroner.

Dit opp er det enno eit stykke.

Dei må selje litt i overkant av 1.800 vaksen billettar for å gå i pluss.

– Førebels ligg vi litt under det vi skulle selt. Vi har hatt ein litt treig start, men dei siste par vekene har salet teke seg opp. Vi håpar folk vaknar opp og kjøper billettar. Framsyninga er veldig forseggjort med lyd og lyseffektar som har eit veldig imponerande samspel med kostyma, legg ho til.

Frå i fjor har dei redusert med to framsyningar og 1.000 billettar.

Les meir i fredagspapira av Fjordenes Tidende.