Politiet fekk melding om ein fritidsbåt som hadde søkke.

Det var ein ca. 24 fots lang fritidsbåt som hadde søkke ved ei flytebryggje i Svelgen sentrum.

Politiet fekk melding om båten rundt klokka 10 på søndag.

Båteigaren vart varsla opp mot berging av båten.

Det melder Sogn og Fjordane politidistrikt.