Medisinar vart eit sentralt tema då den danske legen, som er tiltalt for uaktsamt drap etter dødsulukka på Bryggja påska 2013, forklarte seg under starten på rettssaka i Fjordane Tingrett måndag.

Ulukka på Bryggja vart meldt til politiet klokka 09.47. Legen vart alvorleg skadd og sendt til Førde Sentralsjukehus med helikopter. Klokka 14.29 same dag vart det teke ei utvida promilletest av legen

Folkehelseinstituttet har på bakgrunn av denne prøven rekna ut at han har hatt ein promille på 0,5 som ein følgje av medikament.

Legen var innblanda i ei alvorleg ulukke i 2004 og brekte nakken. Etter det har han vore plaga med smerte og migrene. I periodar har han brukt medisin mot dette.

Legen hadde vore på vanleg jobb ved legekontoret i Måløy onsdagen. Etter jobb køyrde han til Nordfjordeid der han skulle ha nattevakt på legevaktsentralen.

I retten forklarte legen at han hadde teke ulike tablettar denne natta på grunn av migrene. Han forklarte også at han nokre dagar tidlegare hadde ei veske han hadde tablettar i vart våt. Han putta då alle tablettane han hadde opp i nye boksar.

Legen kunne ikkje forstå at han hadde promille. Når han likevel hadde det, og det var spor av sovemedisin i blodet, så kunne det vere at han kan ha teke feil tablett den natta.

Legen sa at det hadde vore ei roleg nattevakt. Den starta klokka 21.00 onsdag kveld. Han ghadde hatt seks pasientar på natta.

Han hadde sove mellom klokka 03.00 og 06.00 på morgonen.

Han sa i retten at han kjende seg frisk og opplagt då han sette seg i bilen for å køyre heim til Måløy om morrgonen.

Føraren i den møtande bilen, ei 49 år gamal kvinne døydde. Ho var frå Polen, men hadde budd og arbeidd i Måløy i mange år.