Tysdag blir ein tung dag for den danske legen som er tiltalt for uaktsamt bildrap etter dødsulukka på Bryggja påska 2013.

Då skal han tilbake til staden der den fatale ulukka skjedde 28. mars i 2013.

Mannen sin forsvarar, Paul Inge Angelshaug, seier til Fjordenes Tidende at klienten hans har det vondt.

Måndag forklarte den danske legen seg om det som skjedde denne dagen då han var på veg frå Nordfjordeid til Måløy etter å ha hatt nattevakt.

- Han har grua seg til denne saka lenge. Og det er ikkje lettare når retten tysdag skal på synfaring der den alvorlege frontkollisjonen skjedde. Han har passert staden to gonger etter ulukka. Det var då han var i Måløy for å forklare seg for politiet. No er det første gongen han skal tilbake der dette skjedde. Det gruar han seg til, seier Angelshaug.

Den danske legen vart sjølv alvorleg skadd i ulukka der føraren av den andre bilen, ei kvinne på 49 år mista livet. Han er sjølv sterkt prega av ulukka og må bruke krykkje for å gå.

Tysdag skal ulukka på Rv 115 på Bryggja rekonstruerast etter at ein av dei sakkunnige frå ulukkesgruppa til Statens Vegvesen har forklart seg.

Politiadvokat Erling Melvær seier dei skal ha bilar for å vise kva dei meiner har skjedd.

Her vil også den tiltalte legen få forklare seg.