Tysdag etter middag blir Rv 15 stengd ved Bryggja i fleire timar i samband med at Fjordane Tingrett og politiet skal på synfaring der den tragiske dødsulukka i påska 2013 skjedde.

Trafikken blir dirigert gjennom Bryggja sentrum medan dette skjer så det vil vere muleg å køyre mellom Måløy og Nordfjordeid.

Planen er at politiet skal rekonstruere det dei meiner skjedde denne påskedagen.

Dei skal bruke to identiske bilar, og dei sakkunnige skal vise retten og partane korleis dei meiner kollisjonen skjedde.

Rekon, som driv med etterforsking av trafikkulukker og bilbrannar, har på oppdrag frå politiet gjennomgått dokumentasjonen etter dødsulukka.

Konklusjonen er at Mercedesen, som kom i retning Måløy, kan ha hatt køyrd i 125 kilometer i timen i 80-sona, og at den kom over i feil kjørefelt og trefte bilen der den polske kvinna og ein passasjer sat.

I tillegg til å ha hatt høg fart og ha kome over i feil kjørebane, så har Folkehelseinstituttet rekna ut at den mannlege føraren av Mercedesen har hatt ein promille på 0,5 som ein følgje av medikament.

Føraren som er tiltalt nektar straffeskuld.