Nor­way Pelagic i Kal­våg har blitt ein endå bet­re ar­beids­plass. Hjørnesteinsbedrifta har re­du­sert sju­ke­frå­væ­ret frå 12–13 pro­sent til ber­re 2 pro­sent.

– Det vik­ti­gas­te er nok at vi no snak­kar sa­man og kjem fram til fel­les løy­sin­gar, sei­er Gunn Røys ved Nor­way Pelagic Kal­våg.

Ho har vore sent­ral i pro­ses­sen med å omskape kalvågbedrifta til ein endå meir mo­der­ne og arbeidstakarvenleg ar­beids­plass. Sist veke fekk ho eldsjelprisen un­der NAV sin år­le­ge dag for et inkluderende arbeidsliv (IA). Pri­sen vert delt ut til verk­sem­der og en­kelt­per­so­nar som ar­bei­der for eit godt ar­beids­mil­jø, og som ska­par gle­de, glød og be­geist­ring på ar­beids­plas­sen.

Dag­leg lei­ar Per Røys ved an­leg­get i Kal­våg ro­sar job­ben Gunn Røys har gjort i be­drif­ta.

– Ho for­te­ner all ros som har gjort det­te for vår del. Og vi har i tillegg til­set­te som er flin­ke å vars­le tid­leg og føl­gje opp til­ba­ke, sei­er Per Røys.

Han har sjølv vore ved an­leg­get i 23 år, og ser klart end­rin­ga­ne som har skjedd på ar­beids­sta­den og i bran­sjen.

– Ge­ne­relt kan ein seie at bran­sjen har sli­te med tun­ge tak, våt og kald arbeidsplass, uguns­ti­ge ar­beids­ti­der og se­song­pre­ga ar­beid, men det går ret­te ve­gen for oss også. My­kje har end­ra seg med fy­sisk let­ta­re jobb og bet­re til­pas­sa ut­styr.

Les heile saka i Fjordenes Tidende si papirutgåve.