Jorunn og Reidar Ytre-Hauge har fått Frivilligprisen 2014 for frivillig arbeid i over 50 år.

– Det er mest barne- og ungdomsarbeid, og ein del korarbeid vi har drive med, seier ekteparet frå Berle som vart tildelt Frivilligprisen 2014 på Kyrkjedag for Nordfjord.

Jorunn og Reidar Ytre-Hauge har vore engasjerte i kristen og sosialt arbeid heilt frå dei var unge og fram til i dag når dei begge er blitt 67 år og pensjonistar.

I 2011 fekk dei kulturprisen i Bremanger kommune for arbeid med Hobbyklubben i 40 år, men dei har drive med mykje anna, som misjonsarbeid og anna knytt til kyrkje og kristenliv.

Får med alle

I dag er det Berle Hobbyklubb som er hjartebarnet, og klubben engasjerer alle barn i heimbygda.

– Vi har jobba litt breitt for å få med flest mogleg, seier Reidar.

Når det er klubb i arbeidskyrkja i Berle er det i dag 10–12 ungar i alderen 2–16 år som er med.

– Jorunn styrer det musikalske, medan eg tar meg litt meir av det praktiske og legg til rette, seier han om arbeidsfordelinga.

Les meir i papiravisa måndag 20. oktober.