Det kan bli mykje vind og nedbør når restane av den tropiske orkanen, Bonzalo, slår inn over Vestlandet tysdag.

Men statsmeteorolog, Kristin Seter, seier til NRK at restane av den tropiske syklonen vil bli merka.

– Det blir framleis heftig når han kjem. Trass i at «Gonzalo» er redusert til berre eit lågtrykk. Det blir sørleg liten kuling, så aukar han på stil stiv og seinare sterk kuling.

Men det er førebels Rogaland som vil få merke «Gonzalo» mest, og det vil somme stader blåse liten storm og komme store nedbørsmengder. Men også i Sogn og Fjordane vil vinden merkast.

– Det kan bli sterke vindkast på plassar der det vanlegvis ikkje bles så mykje fordi vinden er særleg kraftig i høgda.

Det er også venta ein god del nedbør i samband med at den tropiske syklonen passerer.

– Det blir mykje nedbør også i Sogn og Fjordane. Men per no ser det ikkje ut til å vere mengder vi ikkje handterer. Men det blir mykje regn.

Syklonen «Gonzalo» starta som ein orkan og skapte store problem på Bermuda. Der kosta han inn over kysten med ein vindstyrke på 185 kilometer i timen.

Orkanen hatt ein lang veg over Atlanterhavet før den til slutt kjem innover Sogn og Fjordane. Dermed har den mista ein god del av krafta før den treff fylket.