Ein jeger i Vågane vald kom i skade for å skyta ein bukk. No skal politiet sjå på saka.

Laurdag 13. september skjedde det eit jaktuhell i Vågane vald.

Ein av jegerane skaut ein bukk i det vesle valdet, som i år berre får felle ei kolle og ein kalv.

– Det var rett og slett ein feilskyting. Det er beklageleg at sånt skjer, seier valdsleiar Trygve Skagestad.

Han var jaktleiar under jakta, men det var ikkje han som skaut bukken.

– Eg kan difor berre spekulera i kva som skjedde. Men eg kan tenka meg at jegeren har følgt dyret i kikerten, og av ein eller annan grunn har fyrt av, seier Skagestad.

Han melde feilskytinga til Bremanger kommune måndag 15. september.

Dyret blei ikkje levert til viltnemnda.

– Det var så varmt at vi ikkje kunne la dyret henge i to dagar. Så vi tok vare på kjøtet, og har betalt for verdien av det.

Valdet har no trekt tilbake fellingsløyvet på ei kolle, og garanterer at feilskyting ikkje vil skje igjen.

Lensmann Hans Rune Strandos seier at feilskytinga kan få konsekvensar.

– Vi skal avhøyre vedkommande, og så er det opp til politiadvokaten å vurdere om vi skal straffeforfølgje.

Slike saker er sjeldan kost, og kan straffast med bøter.