Politiførstebetjent ved Eid Lensmannskontor, Isak Husevåg, seier til Fjordenes Tidende at det var vitne til trafikkulukka der ein 16 år gamal gut vart påkøyrd i Nordfjordeid sentrum rundt klokka 07,30 onsdag morgon.

- Det var ei kvinne som såg kva som skjedde då guten vart påkøyrd i fotgjengarfeltet. Ho vil bli avhøyrd med det første. Det er også andre vitne som politiet vil avhøyre, samt at føraren skal forklare seg, seier Husevåg til Fjordenes Tidende.

Den 16 år gamle guten som vart påkøyrd vart frakta til Førde Sentralsjukehus.

Kommunikasjonsrådgjevar ved Førde Sentralsjukehus, Finn Ove Njøsen, seier  til Fjordenes Tidende onsdag ettermiddag at den skadde vart innlagt på ortopedisk avdeling med moderate skader. Situasjonen er stabil, opplyser Njøsen.

Føraren av bilen måtte levere frå seg førarkortet slik det er vanleg ved denne type ulukker, opplyser Husevåg.

Han seier det vart også føreteke promillekontroll gjennom blåsetest av føraren, og det er ikkje mistanke om at han var rusa eller hadde promille.