Får regjeringa det som dei vil så blir det snart slutt på at du får levert post heim på laurdagar.

Regjeringa opnar nemleg for at Posten kan slutte å levere ut post på laurdagar. Samferdsleminister Ketil Solsvik Olsen seier at årsaka er at dei har sett ein kraftig nedgang i postsendinga på laurdagar.

Han meiner dette er eit nødvendig grep for å sikre eit godt posttilbod.

- Det har over mange år vore registrert kraftige nedgang i talet på postsendingar, og støttenivået har auka vesentleg. Det skapar ein stadig vanskelegere situasjon for Posten Norge AS. Regjeringa vil difor redusere talet på omdelingsdagar frå seks til fem. Dersom laurdagsomdelinga blir avvikla, vil statens behov for støttekjøp frå Posten bli redusert med rundt 400 millionar kroner, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen i ei pressemelding.

Dette vil mellom anna skape problem for aviser som kjem ut laurdagar, og som er avhengige av Posten til å få levert desse ut.

Ei av avisene som vil få problem er Firda i Førde som kjem ut laurdagar.

– Det er katastrofalt for avisene viss regjeringa bestemmer seg for å kutte postomberinga på laurdagane. Det seier ansvarleg redaktør i Firda, Yngve Årdal til NRK Sogn og Fjordane.

– For Firda sin del så går 35 prosent av avisene med posten. Det betyr at 3500 av våre abonnentar ikkje lenger vil kunne få avisa i postkassen på laurdagane, seier Årdal.