Seljeordføraren vil ikkje sitje roleg å sjå på at Helse Førde sniknedleggjer ambulansetenesta. Han får solid støtte av ordføraren i Bremanger.

Både Karl Vidar Førde (Sp) og Ottar Nygård (Tverrpol.) stiller seg bak ordførarar i Aurland, Askvoll, Balestrand og Hyllestad og krev høyring av ny modell for ambulansetenesta 2015–2025.

– Vi finn oss ikkje i å ikkje bli teke med på råd for nytt målbilete for ambulansetenesta dei neste ti åra. Vi krev å få vere med og bestemme kva retning vi skal gå før saka skal handsamast av styret i Helse Førde og noko avgjerast. Eg sit ikkje og ser på at beredskapen i Selje vert svekka, seier Nygård.

Krev høyring

Saman med bremangerordføraren skal dei gje ei felles uttale til Helse Førde.

Nygård har fullmakt frå kommunestyret til å ta saka vidare mot Helse Førde. Der vil han be om at kommunane må få sjå igjennom målbiletet, før styret i Helse Førde handsamar saka.

– Det administrerande direktør Jon Bolstad seier om at vi skal bli teke med på diskusjonar når endringar skal utførast er berre vås. Han inviterer styret i Helse førde til å lage ei retning for ambulansetenesta dei neste ti åra, utan å ha høyrd med kommunane først. Uakseptabelt! melder han.

Treng styrking

Nygård peikar på at det er i desse kommunane at folk bur aller lengst vekke frå sjukehus, og at det blir heilt feil å bygge ned ambulansetenesta.

– Vi bur i eit av dei mest hardføre stråka i heile Norge. Vi må styrke ambulansetenesta i staden for å fjerne den. Eg trur også det vil bli større vanskar med å rekruttere legar til kommunen med ei slik retning som Helse Førde no legg opp til. Vi forventar dialog og samling, og at vi blir høyrde, seier Nygård.

Også Karl Vidar Førde i Bremanger har fått mange reaksjonar frå folk.

– Dei kan ikkje forstå at ein ønskjer å redusere tilbodet til innbyggarane og er forundra over heile prosessen. Eg vil hevde at dette går på tryggleiken til innbyggarane. Det er ikkje berre å setje inn ambulansebåt eller redningshelikopter når ulukka skjer. Vêr, vind og stengde vegar spelar inn, seier Førde.

Les meir om ambulansestriden i papirutgåva fredag24. oktober