Fylkesveg 616 mellom Davik og Dombestein i Bremanger er ein av vegane Vegtrafikksentralen held under oppsikt dei neste dagane grunna mykje nedbør.

Det er NRK som melder saka.

– Det er venta mykje nedbør i dag, og då tek vi våre forholdsreglar, seier vakthavande ved Vegtrafikksentralen i Sogn og Fjordane, Jan Erikstad, til NRK.

Eit lågtrykk frå Island og varmluft frå Karibia vil gje vestlendingane svært dårleg vêr i mange dagar, og både Vêrvarslinga på Vestlandet og NVE held eit vake auga med situasjonen framover.

Førebels er det meldt mest nedbør søndag.

Det er venta så mykje som mellom 70 og 100 millimeter nedbør på 24 timar. Måndag og tysdag er det også spådd svært vått vêr i kombinajson med vind.

Førebels er det ikkje meld om ras på verken Davik-Dombestein eller andre utsette strekningar.