– Det ser ikkje ut til at politikarane ser alvoret i at det blir fleire eldre og legg godt nok til rette for dette, seier Nils Holvik, leiar i eldrerådet i Vågsøy.

Det er med stor uro Nils Holvik ser på vågsøypolitikarane sine prioriteringar.

Ved budsjettbehandlinga i fjor åtvara Eldrerådet sterkt mot nedbemanninga av pleie,- rehabiliterings- og omsorgssektoren.

No ber han politikarane ta eldrebølgja på alvor.

– Det blir stadig fleire eldre i kommunen. Det er totalt uforsvarleg å redusere ressursane til denne sektoren. Tvert imot er det skrikande behov for å styrke sektoren, seier Holvik.

Eldrerådet i Vågsøy har derfor sendt ein uttale i samband med Økonomimelding 2 (drifta for kommunen så langt i år), budsjett for neste år og langtidsbudsjettet.

Der peikar eldrerådet på fleire utfordringar:

– Kapasiteten på Kulatoppen omsorgssenter er sprengt. Det er venteliste og overbelegg. Presset på korttidsplassar er stort. Utfordringane er å kunne ta imot pasientar som er klare for utskriving frå sjukehusa.

Les heile saka i mandagens papirutgåve av Fjordenes Tidende.