– Det er ikkje sagt om det skal vere ein ambulanse i Vågsøy og ein i Selje, seier Leif Magne Gil ved Nordfjord Ambulanseområde.

Områdeleiar Leif Magne Gil meiner det ikkje er avgjort korleis den nye organiseringa av ambulansen skal sjå ut.

–  Talet på tilsette skal vere det same, men kor bilane skal stå er det ikkje sagt noko om.

På spørsmål om kor han meiner at bilane i ytre skal stå, viser han til at dette skal ein kome fram til gjennom dialog med kommunar og tilsette.

Han ser ulemper og fordelar uansett kor bilane står.

– Om det skal vere to bilar i Vågsøy, vil responstida kunne gå opp i deler av Selje, men det vil gje ein betre situasjon for pasientar som skal til Førde, og som i dag må bytte bil i Eid.

Han meiner at ein også må sjå sannsynlegheita for oppdragsfrekvens og periodar der også Vågsøy er utan tilgjengelege ressursar.

Om det blir ein ambulanse mindre i ytre, vil god flåtestyring vere eit viktig moment for at responstida ikkje skal auke, meiner han.

Vågsøy-stasjonen er nemleg i dag blant dei to raskaste på respons i fylket, 12,6 minutt i snitt.

Om dei må betene fleire,  kan responstida gå opp.

Les heile saka i onsdagens papirutgåve av Fjordenes Tidende.