Stad­lan­det har igjen fått sin ei­gen fri­sør­sa­long. Før­re veke opna Karamia dø­re­ne.

Ka­ren Ma­rie Holtleite, in­ne­ha­var av Karamia, har tid­le­ga­re job­ba ved Frisørhuset vi2 i Sel­je sent­rum.

Ny­leg be­stem­te ho seg for å star­te sjølv, si­dan det ik­kje har vore fri­sør på Stad­lan­det dei sis­te åra.

– Det er man­ge som spør om eg ver­ke­leg tør å sat­se sjølv, men ein fri­sør er det all­tid bruk for. Ein må prø­ve og så sjå kor­leis det går, sei­er 21-år­in­gen.

Og det ver­kar som be­ho­vet er. Ei veke et­ter op­ning har den unge fri­sø­ren al­le­reie hatt man­ge kun­dar inn­om.

Ho for­tel at ho har blitt møtt med ein vel­dig varm vel­komst, man­ge hyg­ge­le­ge kun­dar, og bloms­ter­hel­sin­gar.

– Det ver­kar som lo­kal­be­folk­nin­ga på Stad­lan­det set pris på kor­ta­re veg til fri­sø­ren. Fri­sø­ren som opphavleg kjem frå Gilde­skål i Nord­land, er bu­sett på Stad­lan­det, og er no godt etab­lert.

– Eg ser for meg ei lys fram­tid her på fri­sør­sa­lon­gen. Eg gler meg i alle fall til å kom­me skik­ke­leg i gong, sei­er Holtleite.

Gunn San­de var ein av kun­da­ne som var inn­om for ein klipp då Fjor­de­nes var til stades. Ho be­und­rar dei unge som vel å star­te for seg sjølv i tøf­fe mark­na­der.

– Eg blir im­po­nert over dei unge som vel å kas­te seg ut i mark­na­den. Eg be­und­rar dei rett og slett, sei­er San­de, som er svært glad for endeleg å ha ein ei­gen fri­sør på Stad­lan­det igjen.