Ved Nord­fjord Hjer­te­kli­nikk au­kar på­gan­gen av pa­si­en­tar, og Ma­ri­an­ne og Hen­rik Berg ut­vi­dar til­bo­det. I haust er det inn­kjøpt hjarteultralydsapparat.

– Vi ser at et­ter­spur­na­den au­kar be­ty­de­leg, sann­syn­leg­vis for­di det er blitt vans­ke­le­ga­re å kome til and­re sta­der, sei­er spe­si­a­list i hjar­te­me­di­sin og ind­re­me­di­sin Hen­rik Berg ved Nord­fjord Hjer­te­kli­nikk på Nordfjordeid.

Det au­kan­de ta­let kun­dar ved hjar­te­kli­nik­ken trur Berg ligg i at dei har kort ven­te­tid, og at folk kan bes­til­le time sjøl­ve utan å gå om til­vi­sing frå fast­le­ge.

– Folk li­kar det vi til­byr. Vi set av nok tid til kvar pa­si­ent, også til å ta EKG-tes­tar, og kan gje­re oss fer­di­ge i fred og ro utan mas frå callingar, slik som på sju­ke­hus. Det trur eg man­ge pa­si­en­tar opp­le­ver som vel­dig bra, sei­er Berg.

Ven­te­ti­da for å kome til ved kli­nik­ken er på det lengs­te fem ve­ker, som er den tida Hen­rik Berg ar­bei­der vek­ke, ved sent­ral­sju­ke­hu­set på Åland.

– Det ver­kar som at ven­te­ti­da er lang i det of­fent­le­ge, og at det kan vere tøft å ven­te, sei­er Berg.

Når det gjeld pris for lege­kon­sul­ta­sjon med be­las­tings-EKG har kli­nik­ken hal­de den same pri­sen som for 11 år si­dan.

– Sjølv om folk må be­ta­le litt meir her enn i det of­fent­le­ge, trur eg at dei mei­ner at det er verdt det.

Les heile saka i onsdagens utgåve av Fjordenes Tidende.