Beredskapskoordinator Svein Bar­men i Sel­je er inn­stilt på å leg­ge til ret­te for lan­dings­plass for helikopter ved Uniformpartner.

– Det er god løysing Uniformpartner til­byr. Ein grei lan­dings­plass og opp­var­ma ga­ra­sje. Eg ser man­ge for­de­lar, sei­er Bar­men.

Bar­men mei­ner dei har eit klart be­hov for ein bet­re, og ik­kje minst per­ma­nent, lan­dings­plass i kom­mu­nen. Og han ser positivt på at 330-skvadronen i Florø no signaliserer at plassen ved Uniformpartner fungerer til deira formål.

– Vi har brukt id­retts­ba­na til no. Men lan­ding der gir ska­de både på bane og he­li­kop­ter når granulat frå kunst­gra­set fyk opp i luft­filt­ra på he­li­kop­te­ret og he­li­kop­te­ret hiv opp du­ken på bana.

– Vil det vere kost­na­der in­vol­vert for kom­mu­nen?

– Ja, det vil nok kos­te noko utan at eg har rek­na på be­løp enno. Men ik­kje så my­kje. Det hand­lar om å fjer­ne nok­re stol­par og gra­ve ned ein ka­bal i sam­band med eit luft­spenn ved Uniformpartner. Fol­ka frå 330-skvad­ro­nen mein­te det var litt for nært om dei måt­te lan­de mot vin­den, sei­er Bar­men som antydar splei­se­lag for å hen­te inn pen­ga­ne.

– Ja, eg vil gjer­ne ut­ford­re and­re de­lar av næ­rings­li­vet i kom­mu­nen til å bi­dra. Det­te er vik­tig for alle, sei­er Bar­men.

330-skvad­ro­nen såg også på ein al­ter­na­tiv lan­dings­plass til førs­te­va­let i Sel­je. Den blir på mar­ka ne­dan­for Seljetunet.