Steinvik Fiskefarm AS vil sette opp ein molo til to robåtar i  naturperla Risevatnet.

– Vi ventar på ei godkjenning frå Bremanger kommune på søknad om dispensasjon til å sette opp ein molo til to robåtar i Risevatnet. Risevatnet er vêrhardt ved spesielle vindretningar. Ein molo vil gjere det trygt for våre tilsette å komme opp av og ned i båtane. Vi treng tilgang på båt for å kunne ro ut for å regulere slangen til inntaket for det planlagde fiskeanlegget, seier dagleg leiar Alex Vassbotten i Steinvik Fiskefarm.

Svelgen oppvekst går derimot imot moloplanane.

– Slik Svelgen oppvekst vurderer skissa til molo i Risevatnet kjem tiltaket til å minske kvaliteten på vår bruk av området som frilufts og turområde, skriv driftssjef Carina E.Solvåg i eit brev til kommuna.

Etter ei synfaring med Bremanger kommune valde Steinvik Fiskefarm å flytte den planlagde moloen lenger aust, under den første kraftlinja.

Carina E. Solvåg ønska ikkje kommentere saka, då Fjordenes Tidende fortalde at moloen var trekt lenger aust i forhold til dei opphavlege planane.

Fylkesmannen, som er høyringsinstans i slike saker, ville i utgangspunktet ikkje tilrå at området vert utbygd.

– Når eit friluftsområde skal brukast til noko anna, så er det ein grundigare sakshandsamingsmåte å gjere ei reguleringsendring. Då vil alle instansar bli høryde, slik at ein sikrar medverking. Ein dispensasjonssøknad er ein enklare sakshandsamingsmåte, noko vi ikkje tilrådde i denne saka. Når det no er gjort endringar i forhold til opprinneleg søknad, vil vi vurdere saka på nytt, forklarer sakshandsamar Heidi Sandvik hjå Fylkesmannen.

Les heile saka i fredagens papirutgåve av Fjordenes Tidende.