Rådmannen i Bremanger meiner Jostein Eimhjellen har fått det nok som han vil i diskusjonen om hamna i Svelgen. No ber han hotelleigaren om å gi kommuna fred.

– Det er ikkje føremålstenleg å bruke tid på å «presse» tilsette meir i denne saka. Dette ber eg om at du har respekt for, skriv Tom Joensen i eit brev til Jostein Eimhjellen.

Joensen skriv at årsaka til at ein no i det heile tatt har mulegheit til å utvide sjøpromenaden nedanfor hotellet og rådhuset mot Naustneset er bygginga av det nye omsorgssenteret.

Men det krev då altså endringar i sentrumsplanen. Joensen påpeiker at plan- og byggenemda har gjort endringar i sjøfronten vest for eksisterande trapp etter innspel frå Eimhjellen.

Dei vil også legge til rette for innfesting av ein eventuell bølgjedempar her. Rapport for best plassering er bestilt, men innkjøp av bølgjebrytar inngår ikkje i prosjektet, skriv rådmannen, som understrekar at dei frå no av kjem til å følgje ny plan for området.

Hotelleigar Jostein Eimhjellen på si side meiner hamneområdet følgje sentrumsplanen frå 2008 som ei breitt samansett prosjektgruppe jobba fram.

Kommunen fekk fylkeskommunale tettstadmidlar til prosjektet. Eimhjellen meiner kommunen no ved å gå vekk ifrå vedteken sentrumsplan lagar eit dårlegare hamneområde for bygda. Han kan ikkje sjå at endringane har vore politisk behandla, og meiner det er kritikkverdig at kommunen får gjere slikt utan dispensasjon.

Les heile saka i fredagens papirutgåve av Fjordenes Tidende.