Utfordringa for reiselivet i Nordfjord er at ein er lite kjende i internasjonal samanheng. Men besøk frå aktørar som den verdskjende klesprodusenten Billabong kan endre på det.

Nyleg besøkte den berømte klesprodusenten surfeparadiset Hoddevik og andre strender på Stadlandet. Og dei var begeistra.

– Eg elskar denne staden. Det er veldig fint her, seier marknadssjef Sam Carrier.Selskapet kom for å prøve ut neste års vinterkolleksjon, og hadde med seg verdskjende surfarar som testa alt frå våtdrakter til sports- og fritidskle ute i bølgjene og på land.

– Vi fekk høyre om surfecampen, og vart veldig interesserte i dette området, seier Carrier.Han fortel at Stad-bygda viste seg å vere ein kjempebra plass for å teste produkt og gjere filmopptak. Billabong har før brukt stader som dei franske alpane, Canada, New Zealand og Stockholm til liknande føremål.

Reiselivssjef Marita Lindvik ved Reisemål Stryn & Nordfjord var til stades for å knyte kontakt med det internasjonale selskapet. Ho ser det som svært positivt at Billabong kjem til Stadlandet.

– Dette vil dra fleire i surfemiljøet til Stad. Det er bra at dei kjem både i forhold til attraktivitet og omdømme, seier Lindvik, som ser ein trend der folk som kjem til Nordfjord vil dyrke fritidsinteresser i spektakulær natur.

– Det er stadig fleire som viser interesse. Dei som kjem vil ikkje berre vere passive beundrarar, men ha opplevingar som dei enten kan kjøpe eller gjere på eiga hand, seier Lindvik.

Heile saka står i papirutgåva måndag 24. november.