Politibetjent i Vågsøy, Jan Arild Nervik, seier til Fjordenes Tidende at ingen vart alvorleg skadde i kollisjonen som skjedde på Rv 15 like vest for Brunsviktunnelen i Vågsøy tysdag klokka 13.30.

Det var sju personar involverte. To i eine bilen, og ei kvinne og fire barn i den andre.

- Fire er sendt til sjukehus for sjekk, fortel Nervik.

Han seier ulukka skjedde då ein bil bremsa ned utanfor tunnelen. Bilen som kom bak klarte ikkje å stanse, men køyrde inn i bilen som bremsa ned.

Nerstad seier det er ikkje mistanke om rus.

Nerstad kunne ikkje seie noko meir om årsaka til ulukka då vi snakka med han tysdag ettermiddag.