Kontrollørane til Statens vegvesen fekk seg ein støkk då dei natt til tysdag stansa eit utanlandsk vogntog under ein kontroll på Rv 15 på Kjøs bru.

I køyreloggen til ein tysk trailersjåføren viste det seg at han hadde køyrd frå Italia til Oslo utan å gjennomføre reglane for kviletid.

Turen hadde teke 25 timar.

- Dette er alvorleg brot på køyre- og kviletidsreglane. Slike sjåførar er farlege på vegane. Og køyre rundt med eit så stort køyrety med tung last med ein trøytt sjåfør bak rattet, kan få katastrofale følgjer, seier overingeniør i Statens vegvesen, Jan Ove Bjørgum som var med på kontrollen..

Det heile enda med at sjåføren vart meldt til politiet. Han måtte parkere vogntoget og levere frå seg førarkortet. På toppen av dei heile må han punge ut med 30.000 kroner i bot.

Sjåføren hevda at det hadde vore to sjåførar på denne turen. Like fullt så skal vogntoget stå i ro slik at sjåføren får kvile, seier Bjørgum.

I Oslo hadde sjåføren hatt pause i ni timar, og på turen frå Oslo til Nordfjord hadde sjåføren følgd kviletida.

Under den same kontrollen vart ein annan trailersjåfør meldt for å ha køyrd for mange turar i Norge samanhengande.