Eid kommune er på sine egne heimesider ute og åtvarer sine innbyggjarar mot å kaste matfettet i vasken eller toalettet.

- Fett som tettar avløpsrøra er eit aukande problem i Noreg, særleg no før jul med mykje steiking og baking. Du bør ikkje bruke varmt vatn og såpe når du fjernar fett frå gryter og panner, fettet vil stivne igjen når det kjem lenger ut i røret og blir kaldt. Du bør heller ikkje tøme fettet i toalettet, då det er dei same røra som fraktar avløpet vidare frå både vaskar og toalett. Gjenbruk av matfettet er sjølvsagt det beste, til matlaging eller du kan tilsetje solsikkefrø, mandlar, nøtter eller anna godt og setje det ut til fuglane!, heiter det på kommunens heimesider.