Frå nyttår vil ein tilby augeoperasjonar på Nordfjord sjukehus.

– Det er bra at spesielt eldre slepp å reise så langt for å bli operert, seier Odd Arne Standal, leiar for augeavdelinga i Helse Førde.

Frå nyttår er det oppstart med augeoperasjonar ved Nordfjord sjukehus, og fredag var alle i full sving med å gjere siste førebuingane til dette. No går ein over frå prosjekt- til driftsfase.

I veke 3 i 2015 skal dei første augeoperasjonane takast, og i løpet av våren vert det også andre operasjonar med full narkose ved dagkirurgien.

Førde har til no vore einaste staden ein har tatt augeoperasjonar.

No vert det også tretti operasjonsdagar på Nordfjordeid.

– Her skal vi operere litt over 200 augepasientar i året, seier Standal. Målet er at pasientane skal sleppe lang reiseveg, og han synest det er fint at augetilbodet blir desentralisert.

– Fylket har ganske mange eldre personar, og det er stort sett skifte av linse vi kjem til å drive med. Her er godt topp moderne utstyr. Vi skal ha kvalitet som på lik linje med andre. Då er det kjekt å starte opp med noko.

Sidan den dagkirurgiske avdelinga på Nordfjord sjukehus vart tatt i bruk 13. oktober i år har ein operert over 100 pasientar

Les heile saka i mandagens papirutgåve av Fjordenes Tidende.