Bremanger kommune set opp ekstra formannskapsmøte torsdag etter dei sterke protestane frå foreldra ved Kolset oppvekst.

Kommunen har vedteke å flytte 10 av 16 elevar ved skulen til Davik oppvekst allereie frå 1. januar.

Sjølv om det har vore spekulasjonar om framtida til skulen, som får færre og færre elevar, blei foreldre og barn tekne på senga av denne hasteavgjerda.

Informasjonsmøte om flyttinga var 9. desember, og ingen i foreldreutvalet var informert om verken prosess eller vedtak på førehand.

Administrasjonen i Bremanger kommune seier flyttinga er mellombels og skjer fordi dei ikkje klarer å skaffe lærarar til skulen.

Foreldra fryktar likevel at dette er ei sniknedlegging av skulen, der ei mellombels løysing gjerne fort blir permanent.

Dei set lite pris på kommunen si handtering av saka, og krev både at kommunen snur og at dei ber ungane ved Kolset oppvekst om orsaking.

I morgon må altså politikarane i Bremanger ta stilling til klagen frå foreldra og finne ut kva dei skal gjere i denne vanskelege saka.