Eid kommune ber regjeringa om fortgang i arbeidet med lov om catskiing.

Nyleg sende Regjeringa eit framlegg til endring av lov om motorferdsel i utmark, kor ein ville opne opp for meir snøscooterkøyring.

I høyringsrunden poengterte Eid kommune at det var viktig at lova opnar for catskiing, altså regulert ferdsel i avgrensa område rundt alpinanlegg med kabin påmontert trakkemaskin.

Dette for å kunne frakte skikøyrarar til fjelltoppar for frikøyring utan å måtte byggje gondolanlegg eller liknande med store naturinngrep, skriv Eid kommune i ei pressemelding.

I lovframlegget seier Regjeringa at ein heller vil lage eit eige lovframlegg som omhandlar catskiing spesifikt.

No har Eid kommune sendt brev til miljøministeren og stortingspolitikarane frå Sogn og Fjordane kor dei oppmodar til at det blir sett fortgang i arbeidet med lovverket.