Kolset-foreldra vann fram. Barna deira får halde fram på den skulen dei er vande med også etter nyttår.

Det var dermed ein gjeng letta foreldre som kunne puste ut etter formannskapsmøtet som varte i to og ein halv time.

Formannskapspolitikarane gjekk imot eigen administrasjon torsdag morgon og gjorde om vedtaket om flytting elevane til Davik rett over jul.

Dei ber skule- og kommuneleiing leite etter personell til skulen, eventuelt omdisponere personell for å finne ressursane som trengst.

Administrasjonen skal elles halde fram dialogen rundt framtida for Kolset oppvekst i lys av synkande elevtal.