Tal frå Utdanningsdirektoratet viser at Sogn og Fjordane er gode på gjennomføring, samt viser ei positiv utvikling på gjennomføring av yrkesfag.

Heile 76,7 prosent gjennomfører vidaregåande opplæring på normert tid. Tala viser at i dei studieførebuande utdanningsprogramma er det 90 prosent som gjennomfører, medan i dei yrkesfaglege utdanningsprogramma er det 64,7 prosent som gjennomfører, skriv Sogn og Fjordane fylkeskommune i ei pressemelding.

– I dei nasjonale tala er det 70,6 gjennomføring på normert tid, 86,4 prosent på alle dei studieførebuande programma og 57,5 prosent på alle dei yrkesfaglege utdanningsprogramma, seier Sissel Espe, rådgjevar i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

I fylket vel om lag 50 prosent yrkesfagleg utdanningsprogram. Her lykkast ein i mindre grad med å få ungdomen til å gjennomføre. Likevel ser vi no ei positiv utvikling.

– 81 prosent av dei som gjekk ut av vg2 yrkesfag i våren 2014, hadde fullført og bestått. Det er særs gode resultat å byggje vidare på, seier ho.

Trass i at folk i Sogn og Fjordane har eit lågt utdanningsnivå, er elevane i landstoppen.

– Ser vi på snittkarakteren elevane har når dei går ut av grunnskulen, og på dei som fullfører og består vidaregåande opplæring, presterer ungdomane best i landet, fortel Espe.Ho konkluderer med at Sogn og Fjordane kan vise til gode resultat, men har framleis alt for mange ungdomar i aldersgruppa mellom 16 og 24 år som korkje er i utdanning eller i arbeid.

– Vi må vere tette på elevane og lærlingane. God samhandling mellom alle involverte partar er stikkorda for auka gjennomføring.

Fylkeskommunen har satt i gang fleire tiltak, blant anna læreplasskurs for ungdom som ikkje fekk seg læreplass etter vg2, tilrettelegging for å følgje opp og kvalifisere elevar/lærlingar, nettverksarbeid mellom vidaregåande og lokalt næringsliv, samt dialogmøte med kommunane om grunnopplæringa, i tillegg till oppfølging av skulane og praksis i klasseromma.