Motorsportgruppa i IL Frøy i Kal­våg ser lyst på 105.000 kro­ner frå Gjen­si­di­ge­stif­tel­sen. – Det be­tyr at vi kan be­gyn­ne ar­bei­det med nye ba­ner, sei­er leiar Har­ry Gu­le­støl.

Motorsportgruppa fekk full pott av Gjen­si­di­ge på sin søknad. Pen­ga­ne skal gå til ut­vi­ding av den populære En­du­ro crossbana på Lisethøgda i Kal­våg, samt opp­ar­bei­ding av ei eiga ungdomsbane på sikt.

– Pro­sjek­ta skal gjen­nom­fø­rast i to fasar, den første er ei ut­vi­ding med ei ny bane i til­kny­ting til ek­sis­te­ran­de an­legg. Det som er fan­tas­tisk med å ha fått des­se pen­ga­ne no, er at vi ik­kje ber­re får gjen­nom­ført fase ein, men vi får også be­gynt på fase to, ungdomsbana, sei­er leiar Har­ry Gu­le­støl.

Den nye En­du­ro crossbana på 300 me­ter skal byggjast inn i ter­ren­get. Bana skal vere for barn frå fem år og opp­over, men fungerer også for ung­dom og vaks­ne. Arbeidet med ny bane har ei kostnadsramme på 233.000 kro­ner.

I til­legg til pen­ga­ne frå Gjen­si­di­ge­stif­tel­sen vert dette fi­nan­si­ert gjen­nom gå­ver frå lo­ka­le spon­so­rar, eig­ne midlar og sjølv­sagt dug­nads­inn­sats.

Les heile saka i papirutgåva tiil Fjordenes Tidende.