– Eg klarar ikkje å slutte med denne galskapen, seier Helene Hjelle i Hjelmelandsdalen i Eid.

For henne er julepynting ramme alvor.

Kvart år tar ho pyntinga mange steg lenger enn dei fleste, og folk valfartar for å oppleve og bli imponert. I år har ho måla på tre store huntonittplater på garasjeveggen, der idyllisk julestemning får deg til å assosiere med eit juleklart Røros.

Her er vinterstemning med både nissejente, og ungar på spark og kjelke.

Pynter du også huset i stor stil til jul? Send oss gjerne bilde av det til fjt@fjt.no!

Høge busker i hagen er påkledd blått stoff, og dekorert med sølvfarga julekuler og stjerner.

Ved å nytte lyssetjing til sine juledekorasjonar oppnår ho spesielle effektar og ei magisk stemning.

Kunstnaren sjølv synest det alltid er vakrast under den blå timen, akkurat når det er i ferd med å bli mørkare om ettermiddagen.

– Ein bør eigentleg kome å sjå når det er mørkt. Det er då det er fint, synest ho.

Mannen Leif er ein ivrig hjelpar til Helene sine påfunn.

– Du skulle sett han der han vagla opp på ein stige han la opp på desse buskene, for å feste det blå stoffet. Og så var det eit styr med å feste alle sølvkulene, sånn at ingen skal henge på rekke. Døtrene mine er litt oppteken av sånt, så då må eg passe på, gliser ho.

Eit år bygde ho julekrybbe i full menneskestorleik, eit anna år var det blå og raude nissar og dronninga frå Blåfjell som var i fokus.

– Eg har nok litt blåfjelldilla, innrømmer Helene.

Les hele saken i onsdagens papirutgave av Fjordenes Tidende.