Tidlegare i år imponerte Davik oppvekst på Klassequizen. No er det snart tid for tredje sesongen med Klassequizen i Sogn og Fjordane.

I år har 31 skular meldt seg på den landsdekkjande spørjetevlinga for 10.-klassingar.

Med 47 ungdomsskular i fylket er det med andre ord brorparten av skulane med. Det er ei auke frå 26 det første året til 30 påmelde i 2014 og i år 31, skriv NRK i ei pressemelding.

Dei innleiande rundane startar måndag 5. januar på Vassenden skule og Gloppen ungdomsskule og avsluttar onsdag 4. mars på Eid ungdomsskule og Vågsøy ungdomsskule.

I 2015 er det Stine Kyrkjebø Johansen som tar jobben med å reise rundt i fylket for å stille dei vanskelege spørsmåla til 10.-klassingane.

– Dette blir spennande og eg har store sko å fylle etter Erlend Blaalid Oldeide. Men eg gler meg til å møte mange skarpskodde 10.-klassingar og høyre kva kunnskapar dei sit med, seier Kyrkjebø Johansen.

Når dei innleiande rundane er ferdige, går det vidare til fylkesfinale mellom laga med flest poeng.

Vinnaren får 5000 kroner til klassekassa si og skal representere Sogn og Fjordane i landsfinala laurdag 16. mai.