210.000 kroner frå Gjensidigestiftelsen til ballett- og turngruppa på Stadlandet gjer ein stor forskjell. No kan dei kjøpe nødvendig utstyr og utvikle tilbodet

– Det er berre heilt utruleg bra. 210.000, det er så mykje pengar. For ei fantastisk overrasking! seier Helle Frogner som er instruktør på ballett

– For alle oss som legg inn mykje frivillig innsats for å skape noko, er denne støtta ei anerkjenning vi set enormt pris på, seier Frogner, som meiner pengane representerer noko positivt i ein kommunen som for tida er prega av nedlegging og kutt.

– I den tøffe tida gjer det godt med eit slikt lyspunkt.

Ballettgruppa har klart seg med berre ribbeveggen i gymsalen til hjelp, men no kan dei kjøpe ballettbarre og speil.

– Alt blir så mykje enklare med ordentleg utstyr. Speil er så viktig for ballett. No kan ein legge foten på barren framfor speilet, og sjølve sjå om ein gjer det rett, seier Frogner, som fortel at turngruppa også har stort behov for utstyr som matter og anna.

– Slikt utstyr er kjempedyrt. Vi måtte ha spart foreldrepengar i årevis. Men no kan vi berre kjøpe det vi treng!

Olav Gloppestad, som saman med Gry Hansen er trenar for turngruppa er entusiastisk.

– No blir det gøy! Med denne støtta kan vi gi eit betre tilbod til fleire i kommunen, og satse skikkeleg.

Frogner forklarer at dei alltid har ønskt seg fleire med, men at ein har måtta halde tilbake litt grunna manglande plassar og utstyr.

– Men no kan vi spreie informasjonen. Om nokon er interesserte er det berre å ta kontakt med meg, seier ho.

Les heile saka i fredagens papirutgåve av Fjordenes Tidende.