Ordførar i Eid Alfred Bjørlo har sendt brev til Statsministerens kontor med krav om at å få på plass att nynorsk versjon av Regjeringa sine nettsider.

Denne vart for få dagar sidan fjerna i samband med innføring av ny design for sidene.

– Det betyr at landets 500.000 nynorskbrukarar ikkje lenger kan få velje informasjon frå Regjeringa og departementa på nynorsk – medan samisk og engelsk enno ligg inne som val. Og bokmål blir no, på toppen av alt, kalla «norsk», sjølv om vi har sidestilte målformer, seier Alfred Bjørlo.

– Som ordførar i ei nynorsk-kommune er eg svært overraska over at mitt språk – eitt offisielt språk i Noreg – no er fjerna frå Regjeringa sine nettsider. Eg legg rett og slett til grunn at dette er eit arbeidsuhell, og vil oppmode om at det blir retta opp raskast råd, skriv Bjørlo i brevet.