Dette var redaktør Erling Wåge sin leiarartikkel i siste papiravisa før jul som kom måndag 21. desemember:

"Kjære alle som har eit forhold til Fjordenes Tidende. Den største høgtida i året er like om hjørnet.

Heldigvis kan dei aller fleste av oss glede oss til den. Dei fleste har det dei treng og meir enn det. Mange skal feire på tradisjonelt vis med god mat, drikke, gåver i pynta heimar. Vi skal vere saman med familie og vener.

Men det er dessverre mange i verdas rikaste og mest velorganiserte land som ikkje gler seg til jul og andre høgtider. Livet smiler dessverre ikkje til alle. Det kan vere ein vanskeleg familiesituasjon, nokon saknar nokon dei har mista, nokon strevar med sjukdom og mange er einsame. Kanskje skulle vi vore flinkare til å sett oss rundt om det er nokon som har behov for ei utstrekt hand. Om ikkje anna at vi bryr oss og spør korleis dei har det. Det kan gjerne ha like stor verdi som dyre gåver.

Måndag 21 desember kom siste Fjordenes Tidende før jul. Som vedlegg låg juleavisa vår. 32 sider med reportasjar om flotte personar som har band til regionen vår. Dette er vår julegåve til deg som lesar. I tillegg har vi hatt gleda av å dele ut julestjerner til nokon som i dette året har gleda andre.

Det kjem ei papiravis i romjula og den kjem tysdag 30. desember.

Første papiravis etter nyttår er fredag 2. januar.

Elles kan du kvar dag i jula lese nyheiter på www.fjt.no.

Med dette vil vi ynskje alle ei riktig god jul."