Er du ikkje kjent i Nordfjord, kan det vere vanskeleg å finne fram til Operahuset på Nordfjordeid. Det er nemleg få skilt som viser vegen.

Frå hovudvegane er det berre skilta til sjukehus og ikkje Operahuset på Nordfjordeid.

Dermed kan det vere vanskeleg for folk å finne fram til Operahuset. Men no ønskjer kulturarbeider Helga Didrikke Sundal at noko blir gjort med situasjonen.

– Her hadde det vore suverent med «Operahus» eller «Operahuset Nordfjord», skriv kulturarbeidar Helga Didrikke Sundal til Eid kommune.

Driftsavdelinga i kommunen skisserer ei løysing med ei felles skilting til operahuset, Eid vgs. og skuleområdet.